Det blir totalt fire konferansar, og denne gongen er gjennomføringa heildigital. Målgruppa er som vanleg tillitsvalde og lønnsutval i klubbane, som den nærmaste tida skal ut i lokale lønnsforhandlingar i verksemdene sine.
Programmet er todelt med hovudvekt på følgjande:
I den første delen ser vi på aktuelle nøkkeltal knytt til årets oppgjer. Vidare blir det mellom anna gjort greie for den økonomiske situasjonen i Noreg, tilstanden i verdsøkonomien og for resultata frå gjennomførte sentrale lønnsforhandlingar.
I den andre delen går vi gjennom lønnsreglane i dei ulike tariffavtalane, og gir praktiske råd og tips til førebuing og gjennomføring av dei lokale lønnsforhandlingane.
Her er tidspunkta for dei digitale konferansane:
NHO-området
- Måndag 29. april kl. 10.00
- Tysdag 7. mai kl. 10.00
Virke-området
- Tysdag 7. mai kl. 13.00
Spekter-området
- Klubbane blir kontakta direkte for tidspunkt så snart fristen for avslutning av dei lokale lønnsforhandlingane blir avklarte i A-dels forhandlingane (9. – 10. april).
MELD DEG PÅ HER
Gjennomføringa går føre seg på Zoom, og varigheita er cirka 1,5 timar. Kvar enkelt deltakar koplar seg opp med eige utstyr og kan ha direkte dialog med både forelesar og andre deltakarar rett inn i plattforma.
Dei digitale konferansane blir òg filma og lagt ut på Min Side.
VELKOMMEN!